Sigma 24-70mm F2.8 IF EX DG HSM Kompakt normalzoom med høg optisk ytimg, stor blendaropning og HSM-motor som giv rask, lydlaus fokusering. Med brennvidde på 24-70 er dette objektivet eit ideelt val for fotojournalistikk og generell fotografering. Kompakt 24-70mm F2.8 for høg kvalitet og allsidig bruk ELD- pg SLD-glass kombinert med asfæriske linseelement minimerer optiske fenomen som kromatisk avvik og ghosting HSM fokusmotor gjev rask og lydlaus autofokus. Denne lyssterke normalzoomen gjev deg både utmerka vidvinkel på 24mm og moderat tele på 70mm og bør dekke dei fleste behov. Saman med den store blendaren på F2.8 er dette svært gode spesifikasjonar pakka inn i ein svært kompakt konstruksjon. Fleire eksotiske typar glas (ELD og SLD) kombinert med tre asfæriske element korrigerer effektivt for alle typar feilbrytning. Objektivet har HSM-motor for rask og lydlaus fokusering og gjev høve til manuell overstyring av fokusen. Minste fokusavstand er 38cm og største forstørring er 0,19x. Ni avrunda blenderlamellar gjev pene ut-av-fokus-område. Eit objektiv som dekkar både eit spennande vidvinkelområde og går heilt til 70mm har såleis stort sett dei brennviddene du treng til dagleg. Med største blendar på F2.8 har du mykje lys tilgjengeleg når det blir dårlege lysforhold der du fotograferer. For fullformatkamera er dette optimale spesifikasjonar for dei aller fleste. Har du kamera med mindre brikke, vil til dømes Sigma 17-50mm F2.8 vere eit betre alternativ. Bokstavane DG betyr at objektivet eignar seg også for fullformat, og den store blenderan gjev deg høve til å til å bruke liten djupneskarpheit som kreativ effekt. På kamera med APS-C brikkestorleik får objektivet effektive brennvidde på ca 35-105mm.